Ofte stilte spørsmål

Parkering og vegen til Innerdalen

  • Du parkerer på Nerdal parkering (Innerdalen parkering). Derfrå er det ca. 3,5 km å gå til Renndølsetra langs grusveg (ein times spasertur).

  • Parkering på Nerdal kostar kr 75 per dag. Prisen per døgn blir noko lågare dersom du står parkert fleire dagar.

  • Nei, det finst ikkje lademoglegheiter på Nerdal parkering. Næraste ladestasjonar finn du på Sunndalsøra, om lag 20 minutt unna med bil.

  • Nei. Innerdalen er eit landskapsvernområde, og dalen skal vere mest mogleg bilfri. Vegtrafikk er berre tillate for gardsdrift og transport til turisthyttene. Alle gjester må gå eller sykle inn frå parkeringa.

  • Dei fleste brukar rundt éin time frå Nerdal parkering til Renndølsetra i vanleg gangfart. Det er grusveg, så du kan gå i vanlege sko og klede.

  • Ja, det er mogleg å sykle eller bruke barnevogn. Ver merksam på at vegen har eit par svært bratte bakkar. Med barnevogn kan det vere tungt, men mange vel å ta ho med slik at borna har ein god soveplass. Hugs å ta omsyn til gåande, særleg i bakkane.

Praktisk informasjon

  • Me har vanlegvis sesong frå juni til august, men nøyaktig dato kan variere. Sjå eiga side om opningstider.

  • Vi ønskjer helst at du betaler med kort eller Vipps.

  • Det er svært dårleg eller inga mobildekning nede i sjølve dalen. På veg opp mot Innerdalstårnet er det dekning i periodar, men ein bør ikkje stole på at mobilen fungerer.

  • Ja, på Renndølsetra har vi WiFi tilgjengeleg for gjestane våre.

  • Ja, vi leiger ut klatrehjelmar til turen opp Innerdalstårnet. Du treng ikkje bestille på førehand, men større grupper bør ringe oss slik at vi kan reservere nok hjelmar.

  • Nei, det er vanlegvis god plass til alle. Du må likevel sjekke inn på Renndølsetra for å registrere deg og betale for teltplassen. Meir om teltplassen finn du her.

Tryggleik og reglar

  • Bevegelsane i fjellsida har avteke kraftig, og det er inga umiddelbar fare for ras. NVE følgjer med på situasjonen, men overvaker ikkje dagleg lenger. Det går ingen stiar i det utsette området, og vi frårår ferdsel der. Eit eventuelt ras vil ikkje nå fram til vegen, vatnet eller husa i dalen.

  • Det er ikkje eit generelt forbod mot drone i verneområdet, men det krevst alltid løyve frå grunneigar. Ta kontakt med oss på Renndølsetra for å avklare dette. Det er strengt forbode å fly rundt husa på setra eller ved Innerdalstårnet, då dette er svært sjenerande for folk og dyr.

Hund i Innerdalen

  • Ja. Det er absolutt bandtvang i heile området. Kvart år blir sauer drepne fordi hundar slepp laust eller slit seg. Dette fører til store lidingar for dyra og tap for bonden. Hald hunden i kort band!

  • Ja, men vi har berre to rom der hund er tillate. Desse må bestillast på førehand.

  • Ja, men du må vere ekstra merksam. Det beiter både kyr og sauer rett ved teltplassen. Du må halde hunden i band og plukke opp etter han, sidan andre skal telte på same plass og dyr beiter der.

  • Nei. Den siste delen mot toppen er for bratt for hundar. Vi ser ofte at hundar får panikk, noko som kan skape farlege situasjonar for både hunden og andre turgåarar.

    Du kan heller ikkje binde hunden i skaret. Det blokkerer stien for andre, mellom anna for dei med hundeskrekk, og det finst ikkje vatn til hunden der oppe.

Fann du ikkje svar på det du lurte på?

Ta kontakt med oss, så skal vi svare så godt vi kan.