Sort-hvit illustrasjon av snødekt fjell med en spiss topp og langsider.

Om oss

Kvar sommar sidan 1740 har familien Opdøl flytta dyra til setra i Innerdalen, vest i Trollheimen.

Velkommen til Renndølsetra. Foto Eline Karlsdatter Fladseth

Foto Eline Karlsdatter Fladseth

På Renndølsetra tek vi imot fjellvandrarar, familiar og grupper som ønskjer overnatting, servering og ei ekte seteroppleving.

Vi tilbyr både rom og teltplass, og legg vekt på personleg vertskap og ei hyggeleg ramme rundt opphaldet.

I sesongen serverer vi heimelaga mat basert på tradisjonar frå seterlivet og som passar godt etter ein dag ute. Vi tek også imot bestillingar frå grupper.

Renndølsetra er ei familieeigd verksemd med lange tradisjonar, der vi ønskjer å ta vare på historia samtidig som vi skapar gode opplevingar for deg som gjest.

Skilt på trestamme som ønsker velkommen til Renndølsetra turisthytte med informasjon om tilbud og beliggenhet ca 150 meter unna, i et grønt og frodig landskap med trær og steiner.
Gruppe mennesker som spiser utendørs foran tradisjonell norsk seter med fjell i bakgrunnen.

Seterkafe er pustepausen

I seterkafeen serverer vi drikke, seterprodukt, vafler og enkel mat. Ypparleg om du berre har tid til ein dagstur.

Meir om kafeen

To personer sitter ved et bord med to glass rødvin ved en innsjø, omgitt av fjell og trær, i solskinn.

Overnatting i ekte seteridyll

Sov godt på trivelige rom inne på setra, eller slå opp telt eller hengekøye på teltplassen vår like ved vatnet.

Overnatting på setra