
Produkt frå setra
Foto: Håkon Lundkvist
Produkta vi lagar på setra
Alle produkta er til salgs i kiosken på setra og på Joker i Ålvundfjorden.
Seterrømme
Fløte tilsatt kultur, og syrna til riktig pH. Drenert.
Stekeost og salatost
Stekeost av typen halloumi og salatost av typen feta.
Yoghurt
Av pasteurisert heilmjølk frå setra. Naturell eller med bær.
Setersmør
Smøret er laga av rømme, som blir kinna til smør.
All mjølka frå kyrne våre blir brukt på setra.
Fem kyr er så heldige å få tilbringe sommaren på setra, og blir mjølka i det gamle sommarfjøset. All mjølk blir foredla i meieriet på setra.
Den ferske mjølka blir separert rett etter mjølking, og vi får fløte og skummamjølk. Av fløten lagar vi rømme kvar dag. Noko av fløten blir brukt på kjøkkenet, til baking og dessert. Skummamjølka blir også brukt på kjøkkenet, både til frokosten og bakevarer.
Alle produkta er til salgs i kiosken på setra og på Joker i Ålvundfjorden.